Miljøpartiet Dei Grøne har eg stemt på så lenge partiet har eksistert.
Tek det ikkje for detaljert her og no, men mellom anna av miljøomsyn har eg vore vegetarianar i 30 år.
Kjøt- og fleskeforbruket i verda (ikkje minst i Noreg) er grotesk.
Alt i dag vert det produsert rundt 320 millionar tonn kjøt på jorda,- og slik utviklinga ser ut no stig denne til 455 millionar tonn kjøt innan 2050 i fylgje organisasjonen Globalagriculture samt fleire andre.
Når ein samanliknar kor mykje berre produksjonen av 1 kg kjøt krev av resursar, ser ein lett at dette ikkje kan gå. Ein FN- rapport frå 2010 slår fast at 70% av ferskvatnforbruket går med til jordbruk,- hovudsakeleg til produksjon av kjøt og mjølkeprodukt.
Same rapporten oppmodar til å legge kosthaldet over mot vegetarbasert ernæring om generasjonane tett etter oss skal unngå kan hende global hungerkatastrofe !
BUSS
KVIFOR IKKJE «UNGDOMSKORT» FOR ALLE ?
Om ein verkeleg meiner noko med at folk skal reise kolektivt for å redusere køar og minske forureininga,- kvifor kan ikkje då alle få høve til å kjøpe same produkt som ungdomar mellom 16 og 20 får ?? Dei betalar pr i dag 350,- / mnd og får for denne prisen reise i 1 mnd med absolutt all kolektivtransport som lokalbussar, regionbussar, ekspressbussar, ferger, hurtigbåtar, tog og bybane innan fylket. Dette gjeld Hordaland, men tilsvarande ordningar gjeld i mange andre kommunar og byar også.
Kan ikkje alle få slikt tilbod ? Eksempelvis til kr 500,- / mnd for vaksne (fullprisreisande) ?
Meiner dei som styrer med transport noko med kollektivpratet sitt, eller produserer dei berre støy for at det skal høyrast slik ut ?
Egentleg bør all lokaltrafikk vere gratis. Det får me kome attende til. Eg har skrive eit brev om dette til samferdselskomitéen under den forrige regjeringa. Dei var for feige til å svare.
Sender nok eit til denne også. Men det får vente litt til.
Vennlig helsing
Harald Eide
Stord