lcgp


Foto: NEREA HERNÁNDEZ EIDE



Luksuscruise og geiteperler


Tekst og musikk av Harald Eide



Nærøyfjorden trang og smal,, -
ikkje langt frå Undredal,
djup med høgE  fjell som ruvar,-
laksen sprett og fossen durar (her).


Skip frå mange land kjem hit.
Turistane flyg hit og dit.
I bukse, skjørt og vest og jakka
vinkar dei til folk på Bakka.: Hey !


( Her simulerer, som ein høyrer, blåsarane skipsfløyta til eit stort skip. ).


Kobben , han vert heilt forskrekka
av alle som ligg over rekka.
Dykkar seg i fjorden ned,-
om nokre månar vert det fred .


Instrumental


Eg set på Beitel’ og nyt ei skjeva
med brimost på,- er godt å leva.
I koppen har eg kaffe med fløyte.
INN fjorden fér ei fiskeskøyte heim.


Lettskya vér med ein bris frå sør,
ber med seg herleg duft av støl.
Langt borte kling det kjent i bjeller,
og rundt meg ligg det geiteperler. 


Eg reiser meg og ruslar langs vegen
til robåten min NEDunder StIgen.
Her er eg langt borte frå storbylarmen ,-
i perla midt i verdensarven .


( Eventuelt 1 gong til: I perla midt i verdensarven  ).