mdg_prs

 

 

Hei

 

Sidan eg har fått telefon frå Mr Bond Larsen om bussting, tenkte eg å gje litt lyd ifrå meg i form av skrift,- det vert vel då lydskrift. (Morosamt...)

 

Navn: Harald Eide

Opprinnelse: 50% Halsnøybu og 50% Undredøl (Sogn)

Årsmodell: 23.11.1956

 

Yrkesbakgrunn kjapt: Produksjon av livbåtar i glasfiber, kranførar på ulike krantypar i fleire år, lufttrafikkmedarbeidar ++ i eit mindre flyselskap, brann og havariteneste, optotekniker innanfor ur- optikk, diverse datarelatert arbeid og sidan 01.07.08 bussjåfør.

 

Utdanning: Vidaregåande skule som privatist, + ein del vekttal innanfor IT.

 

Framandspråk: Spansk og engelsk.

 

Sertifikat: Alt på hjul + diverse ktantypar og tung gaffeltruck.

Dertil flysertifikat for landfly, sjøfly og fly med halehjul. (Desse må fornyast og er diverre lite brukte, men interessa er framleis glødande og håpet om å ta tak att det same).

 

Andre hovudinteresser: Eg er amatørastronom (klikk her), og har for meg sjølv komponert mange låtar. Har spelt gitar mest så lenge eg kan hugse,- og etter laaang pause held eg no så smått på å ta tak i dette også på nytt.

Heimeside: http://vela-x.com/

 

Miljøpartiet Dei Grøne har eg stemt på så lenge partiet har eksistert.

Tek det ikkje for detaljert her og no, men mellom anna av miljøomsyn har eg vore vegetarianar i 30 år.

Kjøt- og fleskeforbruket i verda (ikkje minst i Noreg) er grotesk.

 

  • Dyreplageri grunna industriproduksjon av slaktedyr og fuglar ein berre snur ryggen til er ein del av det.

 

  • Dersom det norske kosthaldet er så ubegripeleg sundt,- kvifor der det då laaange helsekøar, kvifor aukar det på med kreftsjukdomar,- ikkje minst i førdøyingssystemet (kan det me dyttar inn i trynet 4 til 10 x om dagen ha noko med dette å gjere, eller er tanken heilt fjern..? ) Kvifor lever vegetarianerane lenger, og kvifor har dei langt mindre livstilssjukdomar ? Eg berre spør. Men sjølvsagt er ingen, uansett kosthald fødd med garanti.

 

  • For å produsere 1 kg kjøt går det med 20 000 liter vatn (!), 18 kg korn, ein slepp ut 22 kg CO2. Metangass varmar opp atmosfæren 23 x kva CO2 gjer. Kjøttproduksjonen utgjer 37% av metangassutsleppa. Dinitrogenoksid varmar opp atmosfæren 296 x kva CO2 gjer. Her bidreg kjøttproduksjonen med 65 % av utsleppa !

 

  • Me er nokre millionar vegetarianerar på kloden som alle lever i beste velgåande,- kva skal me med kjøt ??

 

  • «Kvar» nordmann et kvart år 77 kg kjøt,- og forbruket aukar. Forbruket i andre land i den vestlege verda er ikkje mindre pr innbyggjar.

 

  • Så står Kina for tur,- med aukande levestandard vert ein tydelegvis kjøttsvolten noko som tyder at 1,35 milliardar kinesarar kvar også gjerne vil ete 77 kg kjøt i året.

 

  • I India aukar levestandarden sakte men sikkert. Der er det ytterlegare 1,23 milliardar, og truleg vil også ein stor del av indarane slafse i seg kjøt og flesk.

 

Alt i dag vert det produsert rundt 320 millionar tonn kjøt på jorda,- og slik utviklinga ser ut no stig denne til 455 millionar tonn kjøt innan 2050 i fylgje organisasjonen Globalagriculture samt fleire andre.

Når ein samanliknar kor mykje berre produksjonen av 1 kg kjøt krev av resursar, ser ein lett at dette ikkje kan gå. Ein FN- rapport frå 2010 slår fast at 70% av ferskvatnforbruket går med til jordbruk,- hovudsakeleg til produksjon av kjøt og mjølkeprodukt.

Same rapporten oppmodar til å legge kosthaldet over mot vegetarbasert ernæring om generasjonane tett etter oss skal unngå kan hende global hungerkatastrofe !

 

 

BUSS

Eg har mange gonger sagt til passasjerane mine at det er ubegripeleg urettvist at ein i Bergen kan reise på gratis overgang i alle retningar så lenge tida på biletten tillet dette, og så lenge ein held seg innanfor dei aktuelle sonene,- medan ein utanfor Bergen lyt betale full returbilett.

Snakk om å gjere forskjell på by og land ! I byane har ein fleire tilbod, kortare reisestrekningar til tilboda og meir konkuranse = rimelegare prisar / meir utval. I tillegg skal dei ha føremona med å reise på same bilett, medan ein utanfor Bergen lyt klare seg med mindre konkuranse, mindre utval og dertil værsågod betale for returbilett i tillegg.

Det kan til og med være at ein i «utkantstroka» lyt betale for returen nettopp for å sponse Bergensfolk slik at dei reiser gratis !

 

 

Her er kva Skyss skriv på sidene sine:

 

8.1 Overgang innanfor Sone Bergen

 

Innanfor Sone Bergen kan billetten også nyttast ved returreise innanfor overgangstida.

Overgangstida innanfor Sone Bergen er 90 minuttar etter billett er kjøpt/aktivert.

 

 

8.2 Overgang i Hordaland (unnateke Sone Bergen)

 

Overgang gjeld ved vidarereise, men ikkje ved returreise.

Med returreise meiner ein tilbakereise med same linje eller med andre linjer langs same trasé

eller langs tilgrensande trasear som ligg innan naturleg gangavstand frå fyrste busstrasé.

Overgang må finna stad innan 1 time etter at billett er kjøpt/aktivert,

med tillegg på 10 minuttar for kvar sone billetten er gyldig i.

 

Som me ser kan ein rett nok reise vidare på same bilett som overgang, men ikkje attende.

I langt dei fleste høva er det returen som er viktig då ein til dømes reiser frå Sagvåg- regionen til Heiane eller Leirvik,- eller frå Leirvik til Heiane for å gjere nokre ærend. Hadde Stordabuen blitt behandla som Bergensarane ville ein ikkje måtte betale enda ein gong så lenge ein returnerer innanfor tidsgrensa.

 

KVIFOR IKKJE «UNGDOMSKORT» FOR ALLE ?

Om ein verkeleg meiner noko med at folk skal reise kolektivt for å redusere køar og minske forureininga,- kvifor kan ikkje då alle få høve til å kjøpe same produkt som ungdomar mellom 16 og 20 får ?? Dei betalar pr i dag 350,- / mnd og får for denne prisen reise i 1 mnd med absolutt all kolektivtransport som lokalbussar, regionbussar, ekspressbussar, ferger, hurtigbåtar, tog og bybane innan fylket. Denne ordninga gjeld også Kolumbus- bussane i fleire Rogaland- komunar.

 

Kan ikkje alle få slikt tilbod ? Eksempelvis til kr 500,- / mnd for vaksne (fullprisreisande) ?

Meiner dei som styrer med transport i fylket noko med kollektivpratet sitt, eller produserer dei berre støy for at det skal høyrast slik ut ?

 

Egentleg bør all lokaltrafikk vere gratis. Det får me kome attende til. Eg har skrive eit brev om dette til samferdselskomitéen under den forrige regjeringa. Dei var for feige til å svare.

Sender nok eit til denne også. Men det får vente litt til.

 

 

AVSLUTNINGVIS er de no blitt litt meir kjende med meg. Kan vere greit at de veit litt om kven som er med på laget.

 

 

Vennlig helsing

 

Harald Eide